Illustrasjonsfoto: KS

Pressemelding: I Vestland utbetalte NAV til saman vel 51 milliardar kroner i statlege ytingar i 2019, berre forbigått av Viken som er det klart største fylket i landet.

Om lag halvparten av innbyggarane i landet mottek ei yting frå NAV minst ein gong i året. Alderspensjon er den klart største einskildytinga med 26,9 milliardar utbetalt, og utgjer om lag 53 prosent av ytingane i fylket vårt. På andreplass kjem uføretrygd med 9,4 milliardar kroner.

Forventar heilt andre tal i 2020

I fjor betalte NAV ut 1,1 milliardar i dagpengar til heilt ledige og permitterte i Vestland, medan beløpet til sjukepengar var over fire gongar større med 4,8 milliardar. Hordaland

– Utviklinga på arbeidsmarknaden var svært positiv gjennom 2019 i Vestland, men dette bildet har endra seg fullstendig den siste månaden. I tillegg til pandemieffekten generelt er eg svært uroa for oljeprisutviklinga, konsekvensane for aktiviteten på sokkelen og ringverknader til den viktige leverandørindustrien, særleg sør i fylket, seier Bogsnes.

Store skilnadar mellom kommunar

Skilnadane er store mellom kommunane. Sogndal (kr 73 673) og Sunnfjord (kr 74 847) har lågast kronebeløp per innbyggar, medan Tysnes (kr 98 654) og Fedje (kr 98 644) har høgast. I Fitjar utbetalte NAV 81 900 kroner per innbyggjar.

– Dei viktigaste årsakene til skilnad mellom kommunane er alderssamansetjing, ettersom pensjon er inne i desse tala, og næringsstruktur som mellom anna påverkar uføregrad i folkesetnaden sterkt, seier Bogsnes.