Fleire lesarar har irritert seg over dei som har tippa boss og anna avfall på svaberga i eit naturskjønt hytte- og naustområde i Årskog.

Plastposar, bildekk, hushaldningsboss og hageavfall skjemmer ut svaberga der folk brukar å bade og fiske om sommaren, og lesarane me har hatt kontakt med, er hovudrystande til ein slik total mangel på folkevit.

Vår oppfordring er at dei som har slengt i frå seg skrotet, ryddar opp etter seg.