Desember er eigentleg første vintermånaden, og me er lite vane med snø så tidleg.

Ein liten tur med kamera i handa i dag gav høve til å knipse dei bileta som vert presenterte her. Utan snø og frosen mark får ein liten løvetann lyse opp mellom visna lauv og gras. Småfuglane har framleis rikeleg med mat i mange kristtorn-tre. Om dei likar desse andre raude bæra er uvisst. Svartatrosten plar like eple, men kanskje nokon er for sure ? Svanene trivest inst i Gåsakeilo. I januar talde me over 30 stykke. Mot mørkeblå himmel ser det vakkert ut med visna lauv på vintereika, og dei plar henge på utover vinteren.