Skjærtorsdag er tid for å minnast det første nattverdsmåltidet. I Fitjar vart det i dag halde nattverd fire plassar. Fitjarposten fekk med seg tre av dei.

Det starta i Øvrebygda bedehus. Her har kyrkja jamleg gudstenesteleg møte. I dag med nattverd. Og sokneprest Olav Oma melder opp godt frammøte på denne samlinga. Rundt 60, kunne han fortelja.

Om lag like mange møtte fram i Fitjar kyrkje kl. 18.00 då kyrkja, som nytt av året, arrangerte kveldssamling med nattverd på Skjærtorsdag. Begge desse plassane vart nattverden gjennomført slik ein er vane med det i kyrkja.

Noko annleis er opplegget dei to neste plassane me var innom. Pinsemenigheten Stord-Fitjar hadde nattverdssamling, eller «brødsbrytelse» som dei kallar det der, kl. 19.00. Ikkje så mange, berre om lag 10-15 stykker var samla her. Men opplegget virka inderleg, nært og ekte.

Timen etter starta nattverdsmøtet på Fitjar bedehus. Dette skil seg ut ved at deltakarene set rundt bord med kvite dukar. Men skriftorda som vert lese i samband med nattverdutdelinga er dei same som i kyrkja.

Men her, og heller ikkje i pinsemenigheten, er det prest og medhjelpar som delar ut brødet og vinen. Her sender den eine først brød og så vin rundt bordet medan ein seier «Dette er Jesu lekam» og «Dette er Jesu blod» til den som ein gjev det til. På denne måten kjenner ein på likeverd, og på at Jesus ikkje berre er Frelsar, men og ven og bror. Mellom 30 og 40 tok del på nattverdsmøtet her.

I alt feira nærare 200 personar nattverd på Fitjar i dag.

Om opplegget er noko forskjellig, er likskapen mykje større. Alle hylla dei, i djup takksemd og glede, Meisteren frå Nasareth som innstifta nattverden for snart 2000 år sidan –