Onsdag morgon var det rim på marka i Fitjar; vonleg for siste gong denne sesongen.

Den heilt store sensasjonen er det nok ikkje, men nattefrost i midten av juni er dog litt spesielt. Det reiv litt ekstra i  nasen på oss som skulle tidleg på jobb onsdag morgon. Og langs vegen var graset enkelte stader mistenkeleg kvitt.

I Vekslio gjekk termometeret i bilen ned til 2 plussgrader, og fare for frost. Og ganske rett; bakken på Vekslimyro var dekt av eit tynt lag rim. Nattefrost i midten av juni har skjedd før og vil sikkert skje igjen. Men la oss håpa det var siste frostnatta i denne omgangen.