– Onsdag 26.august markerer Norsk bibliotekforeining ein nasjonal bibliotekdag. Dette er fyrste gong ein slik dag vert markert, heiter det i ei pressemelding frå biblioteka i Stord og Fitjar. Resten av pressemeldinga kan du lese nedanfor. Illustrasjonsfoto: Silje Vågen Torbjørnsen

På den nasjonale bibliotekdagen inviterer Fitjar og Stord folkebibliotek brukarane sine til å kome med innspel til vidare utvikling av tenestene. Dei som besøkjer biblioteka denne dagen og ut veka, vil bli oppmoda om å delta i ei enkel brukarundersøking. 

Føremålet med den nasjonale bibliotekdagen er å setje søkjelys på biblioteka sine samfunnsoppgåver. Folkebiblioteka er ei lovfesta teneste og gratisprinsippet står sentralt. Gratisprinsippet er viktig for at alle innbyggjarane i ein kommune har tilgang til informasjon, og er såleis viktig for demokratiet. 

Folkebiblioteka driv aktivt utlån av alle typar media. Den nyaste oppgåva folkebiblioteka har fått, er å vere ein arena for offentleg samtale og debatt. Dette kjem i tillegg til dei tradisjonelle bibliotekoppgåvene i samband med utdanning og opplysning og kulturell verksemd generelt. Det er viktig for folkebiblioteka at tilboda vert aktuelle og allsidige. Derfor spør vi no brukarane våre om innspel.

Folkebiblioteka på Stord og Fitjar har eit godt samarbeid og markerte nyleg sitt 150 års jubileum. Vi har såleis ein lang tradisjon å ta vare på men må samstundes fylgje samfunnsutviklinga. Vi vonar at brukarane våre på Stord og Fitjar vil komme med innspel til utvikling av tenestene våre. 

 

Silje Vågen Torbjørnsen Bjørnar Withbro

Fitjar folkebibliotek Stord folkebibliotek