Når det dryp på klokkaren, sel ein såpe som aldri før.

Kan hende ein litt tullete ingress, men me kunne ikkje heilt dy oss. Saka er at den store mengda med folk som var på Fitjar i samband med Fitjarfestivalen førte til supersal, ikkje berre i bodane og i teltet, men òg i dei vanlege butikkane på Fitjar.

Me hadde parkert ved Meieriet og gjekk såleis jamt forbi Fitjar Såpekokeri. Då observerte me at det stadig var kundar der.

– Ja, me har hatt reine julesalet, smilte Jorunn Hernes i ein kommentar då me stakk innom butikken. Og ei svært nøgd dame frå Bergen som hadde handla nettet fullt av fitjarske såpeprodukt, sa: – Her har eg funne akkurat det eg var ute etter!

Leiar i festivalkomiteen, Harald Rydland, fortel at sjølve Fitjarfestivalen òg ser ut til å gå bra godt i pluss.

Det skal me kome tilbake til seinare.