Debatt: Fitjar FrP sin ordførarkandidat meiner Høgre kunne fjerna eigedomskatten. Han skriv at om framlegget hadde kome denne perioda hadde Fitjar FrP støtta det, og dermed sikra reint fleirtal om avgjersla. 

Av: Sigurd Andre Maraas, ordførarkandidat Fitjar FrP

Foto: Fitjar FrP

I Fitjar kommune er det ulike parti som har ulikt syn på eigedomsskatt og korleis og kva med skal gjere med den.

Kort fortalt så syns mange parti det er ok både med den me har i dag og at det er uproblematisk å auke den.

Me i Fitjar Frp vil gjerne fjerna den. Det er ikkje verken naivt eller blåaugd å meine dette. Fitjar Frp har mange idear og mulige måtar å gjera det på, nokre av desse tankane finn de i vårt program.

Ironisk nok så kunne Høgre ha fjerna eigedomsskatten dersom dei hadde funnet muligheita for det, og hadde forslaget komme så kunne eg garantert at me i Fitjar Frp skulle vert med å sikra det, sidan me har reint fleirtall saman med Høgre. Men Høgre valte heller å samarbeide med Ap de siste periodane.

Etter budsjettmøtet som var i desember 2017 så gav me i Fitjar litt opp i vårt arbeid for å fjerna eigedomsskatten, for me skjønte at fleirtalet ville det annerledes i åra som kjem. Me bestemte oss for å ta skikkelig tak i dette igjen etter valet, dersom konstitueringa av kommunestyret og dets samansetning skulle verta annerledes og Frp får ei hand på rattet.

Grunnen til dette var at me leverte inn følgande forslag som verbal føring i møtet:

«Fitjar kommune skal arbeida mot det mål å ikkje ha eigedomsskatt for innbyggarane sine.»

Forslaget vårt fekk 2 stemmer, begge Frp sine. 15 stk stemte imot, dvs. samtlege representantar i H, Ap, Krf og Sp ønskte ikkje at me skulle ha dette vedtatt som sitt mål. Så kan ein jo bare undres over det. Kanskje det var for vanskelig å ha eit slikt mål, kanskje kom forslaget brått på, eit forslag som burde vert omfamna på strak arm av alle slik me i Frp ser det.

Å lese protokoller frå møter er kanskje ikkje så spennande for vanlige folk, men eg anbefaler alle å ta ein titt innom på kommunen sine heimesider, der finn de mykje godt lesestoff. Protokoller frå desember møta våre i kommunestyret er ein god start. Så kan en fortsette inn i formannskapets protokoller og kose seg med lesinga.

Fitjar Frp vil arbeida målretta for å unngå ei auke i eigedomsskatten, samt målretta for å få denne fjerna.

Eg vil avslutte med å sei noko fint om dei andre kandidatane. Eg set pris på kreativiteten, tankane og ideane til Jo Kjetil i Høgre, eg ser opp Harald i Krf og hans store innsikt i økonomi og tal, Kjell i Ap sin vilje til å ikkje gje opp, og Karen Elisabeth i Sp sin energi.

Men det er viktig for oss at du gjer di stemme til Fitjar Frp ved årets kommuneval, slik at me kan få muligheit til å utgjøre en reel forskjell, og at det blir Frp som set i førarsetet når koalisjonane skal lages.