Du kan ta kontakt med Harald Rydland på kyrkjekontoret om du vil førehandsrøysta. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Fristen for å senda inn forslag til namn på den høgaste toppen i Fitjar gjekk ut i går, men Harald Rydland fortel at det enno ikkje er for seint om du meiner du har eit ekstra godt namn på lur.

Som kjent har det kome for ein dag at Litlasåto ikkje er den høgaste fjelltoppen i Fitjar, og Fitjar fjellsameige lyste for nokre veker sidan ut ein namnekonkurranse.

– Sjølv om den eigentlege fristen gjekk ut i går, er det ikkje aldeles for seint enno, seier Harald Rydland til Fitjarposten.

Han legg til at dei har fått inn fleire brukbare forslag, men tar gjerne imot fleire i nokre dagar til. Styret i fjellsameiga skal ikkje behandla saka nett enno, så derfor oppmodar han alle om å tenkja etter om dei har eit ekstra godt forslag på lur.

I så fall kan du senda det på mail til harald.rydland@haugnett.no.

 

- Annonse -