Eit strippa alterbord utan duk, bøker, lys eller blomar. Heller ikkje lys i globen. Lange tekstlesingar der dei sterke orda frå den gamle boka åleine fekk lyda, saman med sterke pasjonssongar.

Slik er det i Fitjar kyrkje Langfredag. Slik var det òg i dag. Men vakker solosong sørgde for at det samstundes vart litt fest.

Sokneprest Olav Oma song ein talande pasjonssalme, laga av kona Elisabeth Moldestad.

Under krossen du går, 
ber den tunge børa vår,
strevar stille, utan ord,
går i kjærleik for vår jord,

Hengt på krossen din du lid
våre svik er skulda di. 
Du er tolsam, du er tru,
full av kjærleik kjempar du.

heiter det i dei to første strofene i Elisabeth sin song.

Som postludium song så Marie Oma ein nydeleg song på engelsk om at den som trur på Jesus er dekka og beskytta av Hans blod. Ingvild Oma akkompagnerte både Olav og Marie på piano. 

I det heile ei annleis, men sterk gudsteneste der Olav J. Oma peikte på at om disiplane svikta, så var det ikkje dei som skulle frelse oss. Det var det berre ein som kunne, og Han svikta ikkje.

– –

Finevêret som no gler oss alle lokka nok mange til fjells etter dagar med mykje regn.
Bra med folk i kyrkja var det likevel.

 

Saudi King Abdullah Was Apparently a Big Fan of Viagra where to buy viagra online Bruce Willis and viagra