Forfattartreffet med  Bente Bratlund på Fitjar folkebibliotek vart ei lun, varm og god oppleving for dei omlag 20 frammøtte.

Kontakt fekk ho med publikum med ein gong, og etterpå ville folk mest ikkje gå heim.

Ikkje rart at ho òg selde mange bøker av sin nyaste produksjon, diktsamlinga "Draumen", illustrert med foto av Einar Søberg.

Her er eit av dikta frå boka:

 

DET ER DETTE SOM ER HÅPET

Det er dette som er håpet;
At vi bryr oss!

Det er dette som er håpet:
At vi deler!

Håpet er at vi ikkje snur oss bort
og lar tyrannar og dei vonde
få siste ordet

Det er dette som er håpet:
At vi ikkje berre føler
Men handlar!