-Me har eit stort utviklingspotensiale i å vere rause, sa soknediakon Liv Kari Bru i Fitjar kyrkje i kveld då ho held foredrag over temaet "Å leve med sårbarhet." Eli Simonsen tok del med diktlesing som ytterlegare understreka temaet.

-Det skjøraste, finaste og sannaste me har er sjølvbiletet vårt. Difor er det så viktig at me erkjenner eigen og andre sin sårbarhet, slik at det kan prege måten me møter kvarandre på. Me har kvar sin gong å bera, og kvar sin gong å bli boren, sa Bru, mellom anna vidare.