Nærare 100 unge fitjarbuar med fødselsår frå 2001 til 2006 kosar seg på Tine fotballskule i Fitjar Idrettspark om dagen. Ein fotballskule som på landsbasis samlar 100 000 deltakarar.

På Fitjar har denne fotballskulen etter kvart blitt ein fast tradisjon, og mange seinare talent har fått sine første fotballkunnskapar i denne samanhengen. Og det er stas å vere med. I tillegg til nye fotballkunnskapar vankar det både Tine-produkt, T-skjorte, sekk, frukt, nysteikte lappar (tysdag) og ein fotball på deltakarane.

– Knallbra og kjempekjekt, seier både instruktørar og elevar i fotballskulen. Instruktørane, åtte jenter og ti gutar er henta frå fotballgruppa si ungdomsavdeling, og er i alder frå 8. klasse og oppover. I dag og i går har det vore leik, moro og teknisk trening. I morgon vert det turnering med gutar og jenter på same lag. Då vert nokre av instruktørane domarar, og nokre lagleiarar. Lagnamna tek dei etter kjende storklubbar.

Mats Vestvik er ein av instruktørane. Han fortel at gruppa hans i dag har trena på «sikksakk med kjegler», skot på mål og demping av ballen. – Det er litt jobb å halde styr på dei små, men det er òg veldig kjekt, seier Mats som òg var instruktør i fjor. Det same var Lisa Volden og Susanne Tufteland Aarbø. – Svært gøy å vere med på, seier dei òg.