I haust gjorde Stranda Vel dugnad for å få veglys. No er lysmastene i ferd med å kome opp.

Stranda Vel fekk følgjande utfordring frå Vegvesenet. Om dei laga hòl til fundamenta, skulle det ordne seg med veglys på Raunholm. Den utfordringa tok Stranda Vel på strak arm, og i haust var hòla for fundamentering av alle dei 18 mastene klare, med god hjelp av gratis leigd gravemaskin frå Engevik & Tislevoll AS. Kvart hòl var 1,5 meter djupt.

I desse dagar får dei løn for strevet.

– No er 13 av dei 18 lysmastene komne opp, seier to smilande strandakarar, Geir Raunholm og Torkel Helgaland, til fitjarposten.no. Dei fortel at ein av dei ivrigaste pådrivarane for saka har vore Johannes Nesse.

Kraftlagssjef Ole Vidar Lunde opplyser til fitjarposten.no at arbeidet med å få opp resten av mastene og så få lys i dei, vil skje fortløpande. – I alle fall skal det vere lys i dei før året er omme, lovar han.