I byrjinga av april opnar vår kokkeverdsmeister Geir Skeie den nye restauranten sin i dei tidlegare lokale til Dolly Dimple’s på Stord. Og det heile ser svært bra ut.

– Dette blir betre enn eg trudde på førehand, smiler Geir Skeie medan han syner oss lokalitetane. Alt moderne i lekker design. Samtidig som Geir legg opp til at det ikkje skal vere for høgtideleg. I hovuddelen vert det eksempelvis barkrakk-liknande stolar, seier han. Hovuddelen av restauranten er elles prega av ein gedigen disk i halv ellipseform. Innanfor den finn ein ikkje berre baren, men plassen innanfor er òg utgangsplassen for servitørane.

På same plan finn me ein ventebar med eiga dør og plass til 25 – og eit Chambre Separe-rom med plass til 18. Det er òg ei eiga dør inn til dette rommet. Her det er det vidare lagt opp til at ein kan halde mindre konferansar eller styremøte. Til saman utgjer dette rundt 220 kvadratmeter. I tillegg finn me eit lite platå på 40 kvadrat med superutsikt mot Stordportalen og Stord hamn. Og då har me ikkje ein gong nemnt at restauranten vil ha bord utandørs – «heilt rundt».

I Sandefjord heiter driftsselskapet «Hav og vin AS». På Stord får det namnet «Fisk og vin AS». GSE Sandvik står som eigar bygget, og har gått inn som 50% medeigarar i den nye restauranten som vil retta seg mot fastbuande, gjennomreisande og båtturistar.

Hovudfokus på Sjømat
Matkonseptet til Brygga 11, Geir Skeie avd. Stord vil konsentrere seg kring rettar med hovudfokus på sjømat, men Geir røper at det vil verta plass til innslag av kjøt på menyen. Drikkekartet vert det største på Stord og vil ha eit godt og variert utval i alle prisklassar. Restauranten vil i størst mogleg grad nytta seg av lokale råvarer og vil frå slutten av mai ha eigen fiskebutikk. Her vil kundane kunne kjøpa heilt fersk fisk – eller tilbehør tilreidd av stjernekokkane i restauranten. 

Vidare vil Geir Skeie halde opne dører heile året, og understrekar at det skal vera ein folkeleg restaurant der alle har råd til å ta ein pause i kvardagen, ikkje berre ved spesielle høve. Ein skal til dømes kunne eta seg god og mett for under 200 kr, og ei fiskesuppe får du for kr 139,-. Ønskjer du meir stas kan du få ein tre rettars for kr 395,- og ein fire rettars for kr 475,-

Det vert stor opningsfest 5.april! Men første moglege dag å bestille bord er 10. april.
Opningstidene vert frå kl 11.00 – 22.00 kvar dag. Ein kan sitje lenger enn til 22.00, men matserveringa stoppar då, seier Geir Skeie til slutt.