Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Søndag melder rådmann Olaug Haugen om ein ny positiv covid19-test på Fitjar.

– 24.04.21 vart det påvist ein ny smitta med Covi19 i Fitjar kommune. Dette er importsmitte, og er ein av nærkontaktane til tidlegare smitta denne veka. Smitta er knytt til Fitjar Mekaniske Verkstad AS, og det er ikkje påvist kontakt med lokalsamfunnet i Fitjar, skriv Haugen.