Forfattaren fekk svært god kontakt med det unge publikummet på Seniorsenteret. Foto: Kjetil Rydland.

Laurdag ettermiddag fekk Fitjar folkebibliotek besøk av barnebokforfattaren Vegard Markhus, og sjeldan eller aldri har me opplevd ein forfattar som kunne kommunisera så direkte og enkelt med publikum.

Møtet med forfattaren Vegard Markhus hadde fått namnet «Bok og bolle», og var ein del av den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu, som blir skipa på Stord denne veka.

Den unge forfattaren er frå Bergen, men opphavleg frå Norheimsund. Han debuterte med bildeboka «Redd» i 2008 og har skrive og illustrert i alt seks bildebøker for barn. Til Fitjar hadde han med seg to bøker, men innleidde samværet med enkel song til ukulele, og fekk med seg dei 15–20 ungane med ein gong.

Både barn og vaksne lytta med store øyre til den unge forfattaren, som hadde eit heilt spesielt lag med ungane. Først fekk me sjå og høyra Ei kjedeleg bok, som handlar om ein kar som er misfornøgd med boka han har hamna i. Ei artig fantasiforteljing som gjekk rett heim hos det unge publikummet.

Etterpå fekk me høyra Timothy mister seg sjølv, ei bok om ein mann som mister ei tann, før han seinare miste både armar og bein. Forfattaren hadde plassert dei ulike kroppsdelane rundt om i rommet. Og som avslutning på det spesielle forfattarmøtet fekk dei unge tilhøyrarane – og samtalepartnarane – vera med og leita opp hovud, armar og bein, og plassera dei på ei filttavle.

Stunda med den fantasirike forfattaren var ei spesiell oppleving for store og små. Det var som ho sa, ei av dei vaksne tilhøyrarane:

– No har me mykje å snakka om når me kjem heim!

Jens Øien Kloster og Magnus Grotle går på Media og kommunikasjon på Stord vgs. og kom for å dekka forfattarmøtet for Framtida junior. Foto: Kjetil Rydland.
Korleis hadde det vore om eg hadde vore ein hest? syng den fantasirike forfattaren. Foto: Kjetil Rydland.