I samband med bygging av nye Rimbareid skule skal skuleplassen utvidast sørover. Før utvidinga kan byrja, må området sør for skulen undersøkjast av arkeologar.

I tre dagar frå måndag til onsdag har Geir Grov med gravemaskin frå Engevik & Tislevoll bistått arkeologar frå Hordaland fylkeskommune med avdekking av sju felt. På Rimbareid-garden er det frå tidlegare gjort svært mange oldtidsfunn, men ikkje i dette området. Derfor var ein usikker på kva som kunne komma ut av ei slik undersøking.

I det fine veret på onsdag var Fitjarposten bortom for å høyra korleis det gjekk, og tok nokre bilete. Arkeologane Monika Serafinska og Silje Øvrebø Foyn fortalde om strukturar dei hadde funne i bakken. Dei kunne visa fleire restar etter opp til ein halv meter vide stolpehol. I desse hola er treverket forkola (blåsvart på farge). Stolpane har vore reisverk i hus. To hus hadde dei funne – eitt i det første feltet i vest og eitt i dei to austlege felta. Det siste huset var minst 13 meter langt. Alderen våga dei ikkje seia noko om, men dei tok prøvar frå stolpehola. Desse prøvane skal C14-daterast. Det vert gjort i USA og kan vera klart om 1-2 mnd.

Me veit at det har vore menneske på Fitjar i fleire tusen år, men å komma så nær på slike funn, set tankane i sving om korleis dei har levd i dette området i desse husa…

Det vart også funne ei grav som ved første augekast ser ut som ei rydjerøys – spanande det og. Kva som er i grava spekulerte dei ikkje i. Deira jobb er berre å registrera. Andre får eventuelt ta seg av den jobben.