Fitjar Næringsråd går aktivt inn i kampen mot nedlegging av tannklinikken i Fitjar. No har dei sendt brev til Hordaland Fylkeskommune.

Brevet ser slik ut:

Styret i Fitjar Næringsråd har registrert at Hordaland Fylkeskommune i høyringsutkastet til ny plan for tannhelse, føreslår å leggja ned tannklinikken på Fitjar frå 2010.

 I styremøte den 27.11.2009 vart dette drøfta, og styret vil på bakgrunn av dette komma med slik uttale:

 Fitjar Næringsråd arbeider for å ivarta næringslivet på Fitjar sine interesser. I tillegg arbeider rådet for at Fitjar og i  framtida skal vera ein attraktiv stad og busetja seg, og å driva næring.  For å sikra dette er det viktig at innbyggjarane har lett tilgjenge til dei vanlegaste servicefunksjonane, slik som t.d. ein tannklinikk.

 Dei langt fleste barna som brukar den lokale tannklinikken, har ein av foreldra som arbeider i Fitjar.  Då treng ein ikkje ta mykje fri frå arbeid for å følgja barna til tannlegen.  Verre vert det dersom barna skal følgjast til tannlege på Leirvik.  Det fylkeskommunale busstilbodet mellom Fitjar og Stord er for dårleg til at ein kan satsa på slik transport. Difor vil det få negative verknader for næringslivet at fleire tilsette må ha meir fråvær for å fylgja barn til tannlegen.

 Vårt inntrykk er at folk i Fitjar er svært godt nøgde med det tilbodet ein har når det gjeld offentleg tannhelsteneste i dag.  Me meiner det er ein god modell å driva klinikken på Fitjar som ein filial av klinikken på Stord, der ein sikrar at det ambulerande personalet vert ein del av eit større fagmiljø.  Me vil difor på det sterkaste oppmoda om at fylkestinget opprettheld klinikken på Fitjar.

 

Med venleg helsing

 Odd Sverre Larsen
Leiar i Fitjar Næringsråd 

 

Fitjar den 2. Desember 2009