På sist møte i Fitjar formannskap vart det bestemt at Næringsprisen for 2011 skal gå til Jorunn Hernes og Johannes Sandvik.

– Dei to har, etter at dei kom til Fitjar for nokre år sidan, vore sterkt medvirkande til mykje ny positiv aktivitet i bygda, heiter det mellom anna i grunngjevinga for tildelinga.

Vidare vert det lagt vekt på at Johannes har vore «ein drivande kraft i gjennomføringa av prosjektet Kråko Sjøhytteområde. Utbygginga, som til slutt skal ha plass til 500 fritidsbustader, er eitt av di største enkeltprosjekta som er vorte gjennomført i Fitjar gjennom tidene. I godt samarbeid med andre aktørar har Johannes losa prosjektet i gjennom med høg kvalitet på alle ledd. I utbygginga har det vore lagt vekt på å bruka lokal arbeidskraft og kompetanse så langt som det har late seg gjera, noko som mange næringsdrivande og arbeidstakarar i Fitjar har nytt godt av. Prosjektet, og måten det har vorte gjennomført på, får òg gode skussmål frå dei som har komme frå andre stader og kjøpt seg fritidsbustad på Fitjar.»

Jorunn har først og fremst utmerka seg gjennom etableringa av Fitjar Såpekokeri. Såpekokinga, som først vart prøvd som ein hobbyaktivitet, har på få år utvikla seg til å vera ei oppegåande småskalabedrift. Jorunn har fått mykje positiv merksemd rundt dei spennande produkta ho har og alle historiene som vert knytt til produkta. Gjennom såpekokeriet og produkta vert Fitjarnamnet bore fram på ein positiv måte både nasjonalt og internasjonalt. Det bør óg nemnast at Jorunn har engasjert seg og vorte ein viktig bidragsytar i det frivillige kulturlivet i Fitjar.

Jorunn og Johannes si historie og arbeidet dei legg ned er så eineståande at dei på forunderleg vis har fått brei omtale av produkta sine gjennom fyldige reportasjar i Dagens Næringsliv, Bergens Tidende, internett og andre stor mediekanalar. Dette har vore fitjarreklame av beste merke.»