Under møtet i Formannskapet i Fitjar i går  Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter ved Lisa Instefjord og Svein Eivind Gilje, tildelt Næringsprisen for 2014.

 -Da var overraskande og veldig gøy, jublar Lisa og Svein Eivind når fitjarposten.no tek kontakt. -Dette gjev absolutt nytt mot til å stå vidare, legg dei til.

Her er grunngjevinga frå Formannskapet:

Engesund Visningssenter er med på å setja Fitjar på kartet og bidrar til å auka antal besøkjande til Fitjar. Dei skal ha stor honnør for den store satsinga og den gode måten dei driv visningssenteret på.

Engesund visningssenter opna i januar 2013 og har til tross for relativt kort fartstid vist seg å vera veldrive med stor variasjon i tilbod til publikum. Det har allereie vorte ein av dei store attraksjonane i Fitjar. Både turistar og lokale innbyggjarar i hopetal har vore på besøk på visningssenteret.

Dei besøkande får sjå kva oppdrett er og korleis det blir drive. Ein får smaka på laksen som blir produsert og ein får sjå den i merden.
Skular og barnehagar har tilbod om tilpassa undervisningsopplegg for ulike aldersgrupper, og turistar som besøkjer området får høve til å få sjå ei av næringane som folk har som levebrød langs kysten.

Det pedagogiske tilbodet gjer at ein får godt innsyn i drifta av senteret og dermed større fokus på næringa. Dette vil og bidra til å setja næringa i eit positivt lys og auka rekruttering på dette området.

Visningsflåten har også eit restaurantkjøken med eit utal delikatessar med svært kortreist og sunn mat. Og tek imot gjester, anten det er ein, to eller 60.

Ingressbilde: ENgesund Fiskeoppdrett Visningssenter. Arkivfoto: FP/HCH