Formannskaps-møtet onsdag 10. februar delte ut Fitjar kommune sin næringspris 2009 til  Dåfjorden Slipp ved Steinar Andersen.

Formannskapet skriv fylgjande i si begrunning for utdelinga: «Dåfjord Slipp har dei siste åra vorte eit kraftsenter i Norge innan restaurering og vedlikehald av veteranbåtar.  Verftet har greidd å finna seg ei nisje i ein spennande marknad.  Her har dei utvikla spisskompetanse på fleire område som dei er nokså åleine om. Verksemda bidreg til at Fitjar kommune har eit variert næringsliv og ikkje vert så sårbart for svingingar i marknaden.  Steinar Andersen har med sitt ungdommelege pågangsmot sytt for at verksemda no framstår med  livskraft og optimisme.  Tilgangen  på arbeid den siste tida gjer at arbeidsstokken stadig har vorte utvida.»

Steinar Andersen som er leiar for verksemda vart svært overraska då han fekk telefon frå ordføraren for nokre dagar sidan med annonsering av tildelinga. Han synes sjølvsagt det er svært positivt og kjekt å få ei slik oppmuntring som prisen er, og kan fortelja at det stadig vert fleire arbeidarar på slippen. Dei no er oppe i ein arbeidsstokk på åtte personar. Andersen ynskjer og å påpeika at dei har opplevd kommunen som svært positive.