Fitjar Næringsråd, Fitjar kommune og Atheno inviterer tysdag 28. januar til næringsseminar på Fitjar Fjordhotell med Innovasjon Norge. Samstundes vil Strategisk Næringsplan for Fitjar bli presentert.

Frå Innovasjon Norge stiller Ole-Andreas Smette. Han er avdelingsleiar med hovudansvar for landbruk og reiseliv i Hordaland. Han vil mellom anna gi informasjon om ulike verkemiddel hos Innovasjon Norge, med hovudvekt på tilbod innan landbruk og reiseliv.

Innovasjon Norge ønskjer òg å få kontakt med konkrete verksemder som driv nyskaping, som har vekstambisjonar – eller som har gode utviklings- og/eller investeringsprosjekt på gang.

Påmelding innan 24. januar til monika.hatlevik@haugnett eller på mobil: 995 18 838.

- Annonse -