Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Næringslivet merkar nedstenginga av Noreg på kroppen, ogso på Fitjar merkar verksemdene det godt.

Først stengte reglane frå helsedirektoratet ned treningssentera, frisørsalongane, fotpleie, fysioterapi og anna kroppspleie.

– Føringar frå myndighetene gjer at eg er nødt til å stenga salongen fram til 31 mars.
Eg beklager ulempene dette medfører for deg som kunde, skriv Trude Strand, dagleg leiar på Duo Hårstudio.

Avlysningar i fleng

Reglane til Helsedirektoratet går ogso ut over serveringsbransjen. Fitjar Fjordhotell stengte dørene i helga, og permitterte alle tilsette.

– Koronaviruset har ført til at alle arrangement og bookingar er blitt avbestilt, so me såg ikkje noko anna val enn å stenga dørene, melder dei over Facebook.

Bryggeriet En Liten Øl merkar Helsedirektoratet si stenging av pubar, restaurantar og barar.

– Når alt av puber og restauranter stenger, forsvinner også halvparten av vårt volum, og verre kan det bli. Vi trapper ned produksjonen og tilpasser oss så godt vi kan, melder dei på sosiale medium.

Opnar att når me kan

MX-Sport Larsen tok valet om å stengja dørene i går.

– Me tek dag for dag, og opnar igjen når tilhøva tilseier det, melder Vidar Larsen.

Varehuset Rydland og Små skattar held føreløpig ope som normalt.

Solveig Mjanger melder ogso at ho fortsatt kan levera hudpleie, sminke og kroppspleie frå Mary Kay.

– No leverer eg og dei andre konsulentane berre i postkasse eller sender via posten, i staden for å møta folk ansikt til ansikt.