Nært og vàrt er orda vi vel å bruka om Karl Gloppen si diktbok, inspirert av haikudikt.
Eit haiku-dikt er eit dikt med tre korte verseliner, med fem stavingar i første, sju i andre og fem i tredje. –Dessutan skal alle haikudikt kunne relaterast til ei årstid, og dei skal vere knytte til ei bestemt hending eller ein observasjon. Dei skal òg ha ein filosofisk dåm, skriv Gloppen i føreordet til boka si.
Sidan ikkje alle dikta følgjer denne forma heilt og fullt kallar han dikta sine haiku-inspirerte dikt. Me synest likevel han heldt forma bra, og me synest han får sagt mangt og mykje om både natur, gardsdrift og nære menneskelege situasjonar på trelinarane sine.
I eit av kapitla: LIVSFÅRE, skriv han mellom anna:
fire unggutar i søkklasta færing
med stein til vardebygging på Gråmulen
sjå der kjem ein diger lastebåt
Eller kven kjenner seg ikkje att i dette?:
i altfor bratt stige
med rullestein under
brått er den på vippet – eit isnande sekund
Ei bok som er vel verd å skaffe seg.