-Publikumstalet for revyen vår i år, ligg på rundt 4000, fortel Ronald Hareide ved Fitjat Fjordhotell. -Publikum har kome frå store delar av  området rundt oss, med Bergen og Stavanger som grenser i sør og nord, legg han til.

-Dette er eit resultat me er nøgde med. Me sette opp 12 førestillingar i år, og har stort sette spelt for fulle hus. Sjølv under Stordfesten var det godt med folk hos oss.

Me har òg fått mange positive tilbakemeldingar, både på revyen og konseptet rundt han, sier Ronald Hareide til slutt.

For dei som enno ikkje har fått revyen med seg, har dei sjanse til å gjere noko med det, i og med at det er framsyningar denne helga òg, før Sommarrevyen i Fitjar takkar av for denne sesongen òg.