Bilete for illustrasjon. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Ferske tal syner at 23 prosent av båteigarar drikk medan dei er på havet. Samstundes fortel 63 prosent av befolkninga at dei ikkje veit at promillegrensa for fritidsbåtførarar er på 0,8.

Tala kjem frå ei fersk meiningsmåling gjennomført av Kantar for MA – Rusfri Trafikk.

Generalsekretær i MA – Rusfri Trafikk Elisabeth Fjellvang Kristoffersen reagerer, men er ikkje overraska.

– Det er skremmande at nærare ein av fire drikk medan dei fører båt, men diverre er eg ikkje overraska. Det kan verka som aspekt ved promille og båtliv er underkommunisert. «Alle» veit at det er påbydt med redningsvest, men folk er tydeligvis ikkje like bevisste på farane ved å kombinera alkohol og båtkøyring.

Ho trur grunnen til at fleire blåser raudt i år er at mange ferierer heime. Ein ser ogso mange nye båteigarar.

Undersøking av Kantar

For lite kunnskap

Undersøkinga viser at berre 37 prosent av befolkinga ein spør veit kva promillegrensa er for fritidsbåtførarar.

– Faktumet at heile 63 prosent ikkje veit kva promillegrensa er, er jo ganske skremmende, seier Kristoffersen.

Promillegrensa til sjøs er i dag 0,8 for motorbåtar under 15 meter, og det meiner Kristoffersen er for høgt.

– Jo høgare promillen er, desto større er risikoen for at du gir blaffen i livreddande tryggleikstiltak og overvurderer eigne evner. Havnar du i vatnet og er rusa, vert overlevelsestida halvert, understreker Kristoffersen.

I fjor omkom totalt 28 personer til sjøs, der ein til no har fastslått at ti av dei døde var ruspåvirka.

– Slike tall er trist lesing, og det er ti dødsfall vi kunne vore forutan, seier Kristoffersen, som avslutningsvis ber alle båtførarar om å halda seg edru, slik at sjøen blir ein trygg arena for alle.