Bjørn Eidsvåg hadde ein flott «intim»-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg i dag.

«Litt urolige og redde… «. Midt i lyset og med ein enkel gitar møtte Bjørn Eidsvåg publikum på Fitjar. Hjelpelaust og nakent kalla han det sjølv, der han stod åleina utan dyktige musikarar. Vart, tynnkledd, svært tydeleg og dyktig, vil eg seia.

Han innleia med å fortelja at det var kjekt å vera tilbake på Fitjar, og at det er lenge sidan sist han var her. Det er her i Sunnhordland han har røtene sine, og han virka stolt over og glad for det. «Solo», som konserten er kalla gav rom for ein god del prat om og mellom songane. Det var mykje humor, og litt alvor. Me kom nær Bjørn, nær livets gleder, sorger og utfordringar, nær musikken, orda og tonane. I den «enkle» framføringa kom alt så klart og tydeleg fram.

Eidsvåg brukte tid på å forklara at når han framfører songane så er han skodespelar, det er ikkje alt som er henta frå eige liv. Han er ein dyktig skodespelar, og ein dyktig forteljar, ein dyktig formidlar både med og utan gitar. Heile konserten var spekka av mykje humor mellom mange flotte songar både av eldre og nyare dato. Dei songane som gav størst respons i salen var dei gode «gamle» slagarane: Gammal drøm og Eg ser. Av dei nyare Eidsvåg-låtane var det tydeleg at publikum likte spesielt godt Mysteriet deg, som Bjørn har sunge inn saman med Lisa Nilsson.

Publikum, som bestod av vel 150 stykker, sat stort sett godt tilbakelent i stolane og naut musikken. På Gammal drøm var det nokre som nynna med, men verkeleg synga ut gjorde publikum først då Bjørn drog igang den kjende søndagsskulesongen Min båt er så liten. Songen gjekk etterkvart over i Bjørn sin eigen Min båt er så liten.

Det var eit godt vaksent publikum som på denne konserten slapp vera redde for å få høreselskader, som likevel fekk med seg kvart eit ord og kvar ein tone, og som etter konserten let vel. Det kunne gjerne vore endå meir folk, for det hadde vore plass til ein god del fleire i kultursalen, men la ikkje det ta gleda frå dei som syntes dette var ei flott oppleving og som set pris på å kunna få med seg slike konsertar heime på Fitjar!