Stord-Fitjar Turlag har heile 761 medlemer. Det går fram av årsmeldinga for 2009 som me fekk i hende i dag.

Av Fitjarfolk kan me nemna at Angunn Bårdsen er med i styret som skrivar og Vidar Larsen som varamedlem.

Dagfinn Lyngvær og Svein Bårdsen er med i Topptrimmen. Hilde Førre og Rolf Atle Rolfsnes er med i Barnas Turlag mens Toralv Røen og Ellen Vestbøstad er i Seniorgruppa.

Av årsmeldinga kan me elles lesa at turlaget hadde 432 deltakarar med på turane sine i 2009, og at dei hadde to dugnadsturar.

Det flotte turopplegget for 8-klassingar «Opptur» vart ein suksess i 2009 òg. Heile 311 elevar, 30 lærarar/assistentar og 30 funksjonærar frå Stord-Fitjar Turlag tok del. Årsmeldinga uttrykkjer stor takk til alle som var med på å sponsa dette arrangementet.