Basaren på Fitjar bu- og behandlingssenter torsdag kveld gav 49 730 nye kroner til Aktivitetshagen. -Eit veldig viktig tilskot, seier leiar Ellen Sandsmark til fitjarposten.no.

Denne basaren er etterkvart blitt ein årviss tradisjon og har gjennom åra samla inn fleire hundre tusen kroner til prosjektet. I tillegg har ein fått 150 000 kroner frå Demensforeningen i Stord og Fitjar pluss 50 000 kroner frå Fitjar Kraftlag.

Etter kvart har ein fått på plass pergola, hagemøblar, gode gangvegar og elvestein. Vidare skal det ryddast langs kantane, leggjast fast golv i pergolaen og tilplantast med roser, klematis og blåregn, i eit landskap med dam og fontene.

-Rundt 130 personar var til stades på basaren, og av dei mange flotte gevinstane må me trekkje fram at Tines-Anno (Anna Skålevik) også til denne basaren hadde brodert ein nydeleg juleduk. 96 år er tydelegvis ingen hindring, fortel ein imponert Karin Stokken i arrangementskomiteen.