Arbeidsløysa går ned i Vestland, og frå juli til august har talet på heilt ledige blitt redusert med 2000 personar. Dermed er arbeidsløysa nede i 4,1 prosent.
– Dette er ei utviklinga som venta. Nedgangen i arbeidsløysa held fram, men ikkje i same tempo som før sommaren, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Ho er spent på fortsettinga, og har ei klår oppfordring til dei verksemdene som no merkar at etterspørselen tar seg opp.
– Dei verksemdene som har permittert, men no har høve til å ta inn sine medarbeidarar, bør gjere det no. Vi må halde økonomien i gong, og hugse på at det framleis er ein dugnad. Eg håpar flest mogeleg har høve til å ta dei tilsette tilbake, sjølv om permitteringsordninga no er utvida. Det er ikkje berre viktig for å halde økonomien i gang, det er også svært viktig for den enkelte arbeidstakar, seier Bogsnes.
Ventar fleire langtidsledige
Ho vil følgje nøye med på utviklinga av langtids arbeidssøkarar framover.
– Vi venter at talet på langtidsledige vil auke framover, og det er bekymringsfullt. Vi veit at jo lenger ein går ledig, jo vanskelegare blir det å kome tilbake i arbeidslivet, seier Bogsnes.
Ho understrekar at det framleis er mange ukjende faktorar som vil avgjere korleis markanden utviklar seg i løpet av hausten.
– Om det kjem nye nedstengingar lokalt eller internasjonalt kan det få konsekvensar for marknaden her på Vestlandet. Det er mykje vi ikkje veit, seier Bogsnes.