Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Visit Sunnhordland jublar. Hordaland Fylkeskommune har løyvd kr. 924.000 kroner til produktutvikling av reiselivssatsinga i Sunnhordland.

– Dei siste åra har regionen hatt særleg fokus på utvikling av sykkel og vandring. Gjennom desse prosjekta har ein utvikla mange flotte turar i regionen, i overgangen mellom fjell og fjord, fortel Bodil Haga i Visit Sunnhordland.

No er tida inne for å sjå på nye produktområde. Visit Sunnhordland skal saman med reiselivsnæringa utvikla fleire nye og spanande produkt. I prosjektet «Deltakardriven produktutvikling» vil vikinghistorie, religionshistorie, kortreist mat, geologi og kystperleriket vera sentralt.

– Målet med prosjektet er å gjera Sunnhordland som region enda meir attraktiv og synleg for tilreisande og fastbuande! Me gler oss til å jobba med eksisterande produkt for reiselivsnæringa, samt utvikla nye spanande tiltak som gagnar reiselivet og regionen!, uttalar ein entusiastisk prosjektleiar i Visit Sunnhordland, Bodil Haga.