Mariann Vestbøstad var mellom dei nominerte under den nrk1-sendte "Idrettsgallaen 2008" i kveld.

Mariann sette heile fem verdsrekorder i 2007, og var altså mellom dei fire kandidatane til prisen for beste funksjonshemma utøvar i 2007.

Denne gongen vart ho likevel slått av bordtennisspelaren Tommy Urhaug, som ho vann over under "Idrettsgallaen 2006", då ho sjølv fekk prisen.