Ungdomsskuleelevar er gjerne ikkje dei som set mest pris på opera. Men kvinnegruppa "Trio Femine" nådde likevel fram til ein heil del av dei, under ein skolekonsert i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i føremiddag.

-"Nattens Dronning" var spennande, og "Papagano og Papagena " frå Tryllefløyten av Mozart var det òg gøy å høyre på – og så pianospelet til Irene, sa ein del 8. og 9. klassingar til fitjarposten. no etter konserten. Jubel i salen vart det òg då damene trekte fram lærar Harald Almås som medhjelpar under "Kattearien", og ei av damene sette seg på fanget hans.

Trio Femine som består av Kristin Mulders og Hilde Veslemøy Hagen på song, og vår eigen Irene Simonsen på piano, framførte ei rekke perler frå det dei kalla "Musikkteatersjangeren": Opera, operette og musikalar. I dei siste melodiane kjende òg fleire av elevane seg igjen.

Heile konserten var elles topp profesjonelt gjennomført, like profft som om salen skulle vere full av celebritetar, og ikkje ein konsert for elevar i ungdomsskole og Vidaregående. Dette er å ta elevane på alvor, noko gruppa skal ha all ære og ros for.