Den gamle bustaden på Arholmen var heilt utbrend då lokalkjende folk kom til staden. Foto: Fitjarposten-lesar.

Politiet fekk melding om ein mystisk brann i Fitjarøyane laurdag ettermiddag.

På Twitter-kontoen sin melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt om brann på Arholmen i Fitjarøyane. Ein fritidsbustad skal ha brunne ned til grunnen, truleg natt til laurdag.

Ingen skal ha oppdaga brannen før huset hadde brunne ned, og brannen blei meldt laurdag ettermiddag kl. 17.09. Arholmen ligg rett vest for Ivarsøyo, altså ikkje så veldig langt frå Fitjar senrum.

Årsaka til brannen kan ikkje politiet seia meir om før etter nærmare undersøkingar.

Fleire detaljar finn du på nettsidene til Bergens Tidende.