Ordførar Harald Rydland synes det er mykje å gle seg over ved inngangen til 2011. Først, og ikkje minst, frydar han seg skikkeleg over storkontrakten som Fitjar Mek signerte med Kystverket. – Dette betyr mykje for bygda, smiler han, og nemner vidare nye spennande prosjekt som er på gang i Håkonar Næringspark i Årskog, eit svært attraktivt bustadfelt på Rossneset og nye løyvingar som kan føra til at me får ein utbetra E39 frå Jektevik og heilt fram til Sandvikvåg. Saker me skal koma tilbake til seinare.

2010 var eit fantastisk kulturår i Fitjar kommune. Eit opplegg i same format som i 2011 vert det nok ikkje. Elise Aarbø er gått inn i pensjonistane sine rekkjer, og stillinga hennar er ikkje berre redusert, den er for tida vakant. Men ordføraren vonar ein kan få til ein halv stilling som kultur-/informasjonsarbeidar om ikkje lenge. Han har òg registrert at ein del lag og organisasjonar er inspirert av jubileumsåret til å halda fram med spennande, lokale kulturarrangement. Og det er ikkje umogeleg at kommunen kan hjelpa til litt på den økonomiske sida med å få realisert slike framføringar. Det vil òg bli Fitjar Festival i 2011, men ikkje i slikt omfang som i 2010. Nokre gode idear er likevel allereie under arbeid.

Positivt er det òg at ein no har fått til eit opplegg med ambulansebåten i Austevoll som beredskap for folk i Fitjarøyane, eit supplement til ambulansehelikopter-teneste.

Les meir her.