Vestbøstad vann både dame- og herreklassen under årets vintercup i Fitjar.

Den 21. vintercupen i Fitjar heldt på å regna vekk, då himmelens sluser stod på vidt gap fredag kveld. Men «mot normalt» fekk fotballfolket opphald og godt spelevêr andre dagen.

Dei to beste frå kvar pulje gjekk vidare i turneringa, slik at me fekk desse semifinalane: I dameklassen vann Øvrabygdo senior 2-1 over Øvrabygdo junior. Den andre finaleplassen gjekk til Vestbøstad, som slo Bakken/Havn 2-1 i sin semifinale. Herrelaget til Vestbøstad slo Stratos 3-0 i semifinalen sin, medan Havn kom seg til herrefinalen ved å slå Storavatnet jr. 2-0.

Damefinalen mellom Vestbøstad og Øvrabygdo blei aldri særleg spennande. Allereie i opningsminutta kunne Anne Helene Vestbøstad gi laget sitt 1-0 på eit «ferdigscora» mål. Det nærmaste ovbygdingane kom utlikning var eit flott frispark i stolpen ved Synnøve Helland midt i andre omgang, men derfrå og inn blei det nesten berre Vestbøstad. Britt Lise Volden la på til 2-0 og 3-0 før dottera Lisa knuste eit frispark i vinkelen. Ei flott scoring, som gav 4-0 og ein velfortent favorittsiger til Vestbøstad. Tredjeplassen i dameklassen gjekk til Øvrabygdo jr. etter at dei vann straffekonkurransen mot Bakken/Havn.

Finalen i herreklassen blei mykje meir jamspelt, mellom to gode lag med mange aktive, veltrente fotballspelarar. Lagleiar Helge Træet på Havn mønstra eit sterkt lag som gjekk i angrep frå første spark på ballen. Allereie etter få minutt kunne det blitt 1-0 til Havn, så finaledommar Finn Ingvar Havnerås peika på strffemerket. Men Oddgeir Træet var heilt nede ved stolperot og redda straffesparket frå Kjell André Thorland. Første omgang enda på stillinga 0-0 mykje godt spel frå begge lag. Andre omgang heldt fram i same sporet med med stort tempo og mange sjansar framfor begge mål. Men mål blei det ikkje før midt i omgangen. Thomas V. Waage var på rett plass til rett tid, og sette inn ein retur etter eit fint skot av Arild Træet. Og i sluttminutta blei det mykje Vestbøstad. Åsmund Sørfonn la på til 2-0 etter å ha blitt spelt fint gjennom. Og 3-0 kom rett før slutt ved Rune Brakedal. Bronsemedaljane i herreklassen gjekk til Stratos, etter siger over Storavatnet jr. i på straffespark .