Statens vegvesen har sett opp fartsdumpar.

Dei fleste kjenner til vegutbetringa på fylkesveg 545 frå kyrkja og opp mot Rimbareid. Vegen måtte forsterkast i samband med tungtransport til Midtfjellet. Då gravearbeidet tok til, fekk ein sjå kor dårleg fundament vegen ligg på. Under asfalten var det kanskje 10 cm pukk, men og mindre, seier vår informant.

Vegutbetringa fører til stengt veg i arbeidstida. God skilting viser omkøyring om Helland for dei som skal vidare i retning Leirvik. Dette er og tilrådd køyreveg for trafikantar som kjem sørfrå. Lokalkjende personar nyttar ofte andre vegar. Det er fleire slike å velje i, men desse er smale. Dette har resultert i auka trafikk-mengde over Rimbareid. Statens vegvesen har difor sett opp nokre fartsdumpar, og sona med 30-skilt er også forlenga. Både her og andre stader viser veggrøftene at at ein del køyretøy kjem for langt ut på kantane. I somme høve vert det skade under personbilane. Me er alle godt kjende med utsegna Vis omsyn i trafikken. Når vegarbeidet startar opp att på måndag, vert det nok tryggare køyretilhøve.