Politiet fekk i går ettermiddag melding frå ein nabo på Nysæter på Stord som klaga på høgrøysta og trugande åtferd. Språkbruken og volumet var av ein slik art at han reagerte. Så handla det berre om eit egg.

Når politiet kom til plassen fann dei nemleg ut at det handla om ein krangel mellom eit ektepar på 47 og 57 år. Mannen ville ha eit kokt egg, men dette ville ikkje kona koke.  Partane vart formante til å dempe volumet når menyen i framtida skal diskuterast.