– Eg vil gjerne invitere fitjarbuar til Sunnhordland Senior-universitet. Her skjer det mykje spennande i vår, seier tidlegare rektor ved Rimbareid skule, Svein Kåre Meling.

Det vil me gje han rett i. Programmet for våren 2014 ser i alle fall interessant ut. Gode foredragshaldarar og ditto tema, spør du oss. (Sjå programmet til høgre. Klikk på biletet for å få det større).

– Samlingane er for pensjonistar og andre som har høve til å gå på noko ein føremiddag kl. 11.00. Som regel finn arrangementa stad siste tysdagen i månaden, og det heile skjer i Bømlo Kulturhus. Det kostar 100 kroner å kome inn. I tilegg er det høve til å kjøpe kaffi og svele, seier Svein Kåre Meling til slutt.

 

legal anabolic steroids