Det er ikkje til å unngå å sjå at arbeidet i Bensinstasjonsområdet går fram. Og alt går som planlagt med REMA-butikken, den nye bensinpumpa, den nye verkstaden, den nye butikken og leilegheitene over den eksisterande bensinstasjonen.

Jo Kjetil Strand fortel til fitjarposten.no at den nye bensinpumpa vil bli teken i bruk ved månadsskiftet juni/juli. Verkstaden, slik han no er, vil han driva til slutten av juli, og den nye verkstaden vil bli teken i bruk i slutten av august.

Han fortel vidare at i den nye butikken som kjem i tilknytning til det nye verkstadsbygget, skal både Altimek og Byggmarkedet inn med sine vareassortement. Altimek vil ha verkstaden sin ved sidan av bilverkstaden. Eit sterkt utvida varetilbod, direkte på gateplan, altså.

Over den nye REMA-buitikken vil det koma leilegheiter, og det nye «bensinstasjonområdet» vil gje rom for rundt 120 parkeringsplassar.

Geirmund Aga i REMA 1000 fortel at han gler seg til å ta fatt for fullt på Fitjar. Framleis jobbar han i REMA-butikken i Haugesund.

– Men frå august skal det bli full satsing på Fitjar, smiler Aga.

Han har allereie lyst ut etter medarbeidarar og reknar med å starta opp den nye butikken i midten av oktober.

– Dette vert ein ein fullassortert REMA-butikk med alt «frå lubber til bananar», legg han til.