Søndag er det første søndag i advent. Det startar med adventfrukost i Øvrebygda og Fitjar bedehus. Seinare vert det mellom anna søndagsopne butikkar, julegrantenning, lysmesse og mykje meir.

Her er ei oversikt over det som skjer:

10.00 Adventsfrukost i Øvrebygda bedehus

11.00 Adventsfrukost Fitjar bedehus

14.00 Butikkane i sentrum opnar og har ope til kl 18.00

14.00 9. klasse har bål og startar salet av nygrilla pølser, marsmellows, gløgg, kaffe, julebrus og nysteikte lappar.

14.00 Magnar Kloster signerer boka  Fitjar Quiz 2 hos Theo (til 15.00)

15.00 Magne Nygård signerer boka Anna Rasmine hos Theo (til 15:50)

15.30 Fakkeltog. Skulekorpset spelar

16.00 Bokslepp og Quiz på Fitjar folkebibliotek ( til 17.30)

16.30 Tenning av julegrana framfor Rådhuset. Forsongar Tom Rydland. Kanskje kjem det òg nokre nissar?

18.00 Lysmesse i Fitjar kyrkje.