Det vanka mykje velfortent ros til dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft Ole Vidar Lunde,  som for tida er sjukemeldt, under samlinga i Kultursalen på FKIB etter opninga av vindmølleparken.

Rosen gjekk på korleis han «med ukueleg pågangsmot har stått på for dette prosjektet i oppturar og nedturar heilt i frå starten av arbeidet for å få det heile til.» Rosen kom frå fleire hald, og salen responderte med rungande applaus.

Lunde hadde òg sjølv ordet og orienterte, midt i sjukdomsperioden han no er i, om prosjektet frå byrjinga til i dag, og han slutta med å seie at han vona at Midtfjellet Vindpark As ville bli Noregs beste og mest lønsame vindkraftverk

På samlinga var det helsingar frå ei rekkje samarbeidspartnarar, fylkesordførar og ordførar. Det var servert spennande lokal mat, svært bra tilrettelagt av Fitjar vgs – og det var underhaldning ved Runar Thor Gudmundsson og Henning Wichmann.