-Skikkeleg kjekt å spruta med så høgt trykk, smilte Olga Vestbøstad ( 8 1/2) då ho fekk prøve brannslangen til Fitjar Brannvesen på Årskog i føremiddag, med god hjelp frå Håvard Oma Sele i Fitjar Brannvesen.

Og Olga var ikkje åleine.

-I fjor talde me til om lag 300 som var innnom i løpet av dagen. Det ser ut for at det kan bli endå fleire i år, seier Johan Nilsen som serverte både pølser og vaflar til store og små som gjesta Brannstasjonen i Fitjar i dag. Pølser og brød var sponsa av REMA 1000, vaflane fiksa to av konene til brannmannskapa.

Opplegget var elles tradisjonen tru, og alltid like spennande for dei små:  Køyring med brannbilen som både fløyta og sette på sirener, sløkking av bål, presisjons-sprøyting med brannsprøyta og sporløp til lærdom for store og små.

Og ikkje såg me anna enn at både barn og vaksne koste seg. OG truleg òg lærte litt.

Såleis vil arrangementet òg vere med på å skape tryggleik med omsyn til brannvern i dei einskilde heimane som var med på dette.