Både søndagsskulens dag og museumsdag er høvelege tilstellingar for små og store.

Søndagsskulens dag startar med gudsteneste kl 11.00, og held fram med aktivitetar av mange slag på Fitjar bedehus etterpå. Det kan blant anna nemnast hesteskokasting, pilpast, seigemannstrekking og karnevalssminking, Sal av mat, kaffi og saft.

Klokka 13.00 opnar dørene på Årskog museum der det er lagt opp til rikt program for born og vaksne. Teaterstykket Havmannens son (eventyr for born) vert framførd av Sunnhordland Museum og Stord Folkebibliotek. Fitjar kulturkontor v/ Bente Bjelland ønskjer alle velkomne og me legg til at Bygdekvinnelaget og Husflidslaget deltek med kafé og aktivitetar. Stord Fitjar hesteskoklubb er også med.

Som me ser av programmet for morgondagen går det an å bli med på begge arrangementa, som tidlegare er kunngjorde i avisa Sunnhordland og Fitjarposten.