Som eit tamdyr står hjorten like ved vegen på Gardåkermyro og ser på bilen. Foto: Kjetil Rydland.

Midt på blanke søndagen møtte me eit par hjortar som knapt rørte på augnebrynet då me stoppa for å nyta synet av dei flotte dyra.

Den offisielle hjorteteljinga går for seg om kvelden, og har gitt høgare tal i år enn nokon gong.

Men me treng slett ikkje dra fram 1000-meteren og venta til det blir mørkt for å sjå hjort, slik me gjerne måtte for 50 år sidan.

Søndag ettermiddag stod eit par hjortar og beita like ved vegen på Gardåkermyro – populært kalla «Nore Kringjen» – og lét seg knapt merka med bilen som stoppa.

Me fekk eit nytt døme på at hjorten meir og meir ter seg som eit tamdyr. Folk som følgjer med på slikt, meiner hjorten er blitt mykje tammare med åra.

Dagens hjort hadde i alle høve ikkje noko imot å posera for fotografen, før han bestemte seg for å vera eit vilt dyr likevel, og tok til palings mot skogkanten.

– Eg er ikkje eit tamdyr likevel! Foto: Kjetil Rydland.
Hjorten bruker ikkje mange sekund på å nå skogkanten. Foto: Kjetil Rydland.