-Livet er ikkje alltid godt. Det må ein prøve å godta. Då er det lettare å leve livet godt nok. Det var noko av bodskapen psykiater  Bjarte Stubhaug på temakvelden i Fitjar kyrkje i kveld.

Stubhaug sitt tema var: «Den gode kvardagen? Å gjera dei vonde dagane gode – nok», og som utgangspunkt siterte han fritt den kjende  sinnsro-bøna som opprinneleg vart skriven av Dr.Reinhold Niebuhr:

«Gud, gi meg slik sinnsro
at jeg formår å godta de ting jeg ikke kan forandre
mot til å forandre de ting jeg kan,
og forstand til å se forskjellen.»

-Det er mykje dette det handlar om. Livet har ikkje berre gode dagar. Å forstå, godta og akseptere at det er slik, gjer at vi kan lære å leve slik at dagane vert betre – gode nok, sa han innleiingsvis.

Akseptere det ein ikkje kan gjere noko med
Nokre ting er alltid vonde. Noko er forferdeleg. For å meistre livet vil det likevel hjelpe om ein etter kvart tek til å spørje seg sjølv: -Kva skal eg gjere no? Kan eg gjere noko for å koma vidare med livet mitt utan at eg går i stykker?, sa Bjarte Stubhaug, og kom med eit par  punkt på det.

1. For å kome vidare er det avgjerande å akseptere det eg ikkje kan forandre. Godta, sjølv om det er svært vondt og det betyr at ein må tole det som er vanskeleg – uansett kor vanskeleg det er. Det er greitt å få snakke om det vonde, særleg etter ein tøff situasjon. Men det kjem til eit punkt der ein må leggje vekk dette og feste blikket frå det vonde til augneblinken akkurat no. Det er ei forløsande kraft i å klare det. Spør: -Kva gjer eg med dagen i dag og livet vidare? Det kan bety å vere villig til å sleppe tak i ting og endre noko både måten eg tenkjer på og gjer ting på.

2. Sjå på det som er bra. Eg opplever bestemt at vi kan velje kva for veg vi vil sjå. Likeeins kva me vil la merksemda vår bli verande på og kva me vil snakke om. Å gi positiv merksemd på det vi kan gjere noko med, og så  å ta roret sjølv, er bra. Det gjev kjensle av å meistra.

Det gode livet
Kva er det som gjer livet godt? Stubhaug delte òg nokre tankar om det. Men han snakka ikkje om det gode livet. Men om eit godt liv.Han peika på ein del ting som kan bidra til eit slikt liv.Her er er nokre stikkord:

1. Bruke seg sjølv og sine talent. Å vere til nytte og kunne bidra, gjev ei positiv kjensle..

2. Engasjement. Å bry seg om og delta. Men du må velje å la deg engasjere. Engasjementet kjem ikkje dettande på deg.

3. Å høyre til. Eg bryr meg om nokon. Nokon bryr seg om meg. Det kan skape ei oppleving av gode dagar.

-Det er òg bra å gjere så godt ein kan. Om ein mislykkast er det ikkje så gale om ein har gjort akkurat det, sa Bjarte Stubhaug, til slutt.

Nydelege musikkinnslag
Gurid Refvik (song) og Harald Rydland (keyboard) gav oss ei fantastisk ramme om det heile med tre svært vakre musikkinnslag som passa godt inn i temaet for kvelden. Songane var:  «Dagen i dag», «Du skal få ein dag i mårå» og «Gjev meg handa di ven». Den siste var òg forsamlinga med på. Rundt 250 var til stades i kyrkja i kveld.