Blant turistar og lokalbefolkning, som ferdast blant holmar og skjer i Fitjar, er Smedholmen stadig ein klar vinnar. Laurdag kveld låg det båtar rundt heile øya, og berre i den vestre vågen låg det 13 båtar. Den nye flytebrygga er populær, og fredag vart det montert enda fleire båtfeste, fortel Knut Berge.