Tradisjonen tru var det mykje folk til stades då Fitjar VGS inviterte til Open Skule mellom kl. 10.00 og 15.00 i dag. Som vanleg var det mykje fint, både til å sjå og smake på.

På Interiør og utstillingdesign synte Tone Hatlevik og Anne Lise Sjo Bårholm fram vakre, dekorerte stolar. Til saman er dei ni elevar på linja, og lærar Hilde Killingrød, synest, ilag med elevane, at det nye faget er spennande.

Spennande syntest òg 4 og eit halvt år gamle William Axel Opshaug Nesbø det var å få dekorere kakemenn, og ikkje minst å få fargelegge juletre. -Kjempekjekt å teikne, seier han.

Elevbedriftene «Passe Sprø UB» og «»Utegangarpølso UB» hadde både spennande produkt og synte i tillegg at dei allereie har lært mykje om både presentasjon, sal og marknadsføring.

«Passe Sprø UB» er seks stykker i bedrifta, og dei produserer både serinakaker, peppernøtter, fingerkremkjeks, ristoppar, berlinerkranser – og brunt sukker med glasurhjarte på. På spørsmål om kvifor dei valde å ha bakverksbedrift, kjem det kjapt:-Mest heile klassen vil bli konditorar! Så det måtte jo bli kaker då!

«Utegangerpølso UB» har satsa på eit økologisk produkt med råvare levert av Einar Matre og Knut Sætrevik, og Liv Karin Karlsen som engasjert mentor. Produktet deira har ein spennande smak. Mellom anna blandar dei tørka vinblad inn i pølsa. Til saman er dei ni stykker i gruppa, og dei står for heile produksjonen sjølv.

Elles var det konkurransar på Helsefag og Allmenn – og eit høgdepunkt for dei minste var nok barneteateret med kjende Egner-figurar.

I kantina vart det servert supergodt og supertbilleg buffet, og fullt var det, mest heile tida, der.