Gymsalen på Øvrebygda skule var nesten fullsett då fellesmøtene med Bjørn Bergmann vart avslutta søndag kveld.

Møta vert omtalt som svært rike, og har samla folk frå alle krinsar og alle kristne forsamlingar i Fitjar. Mange har gjeve uttrykk for at dei har blitt oppliva av Bergmanns folkelege, og samstundes svært evangeliske måte, å forkynne på. Fellesmøta i Øvrebygda har etterkvart blitt ein tradisjon, og det er vel ingen grunn til å tru anna enn at tradisjonen vil halde fram neste år.